Sjøtroll Havbruk
Rabben Slipp AS
SeaStar International AS
Austevoll Reiselivslag
Austevoll Forlag
Austevoll Notverksted

 


Scandinavian Eletric System
ALFA Engineering
Austevoll kraftlag
Austevoll kraftlag
Bekkjarvik Gjestgiveri
District Offshore ASA



Hordafor
Intersport Austevoll
Marsteinen
Nordea
Opplæringskontore


t i Austevoll

 

Ledige stillingar i Austevoll
Lokalnytt frå Austevoll presentert av
Marsteinen

Klart for storkonsert
Det er venta fint vêr på laurdag når sommarens storkonsert går av stabelen i Bekkjarvik. Vibeke Møgster som er arrangør før Secret Garden-konserten , melder om at scena vert flytta til piren utanfor det gamle pakkhuset (Austevoll blomster), grunna scenearrangementet til Rolf Løvland og kompani. Med ei slik utandørs løysing blir det plass til masse publikum. Gamle trebåtar kan, etter avtale med arrangøren, leggjast framfor scenen dagen før og få orkesterplass til konserten.
3. juli 2008 - 9:34

Fitjarsau og austevollaks best i Europa
Ørjan Johannessen og Geir Skeie feidde all motstand til side og vart Europas beste kokkelag i Bocuse d'Or i Stavanger i dag.
– Etter at dei hadde lest opp Danmark og Sverige på dei to nest øvste plassane hadde eg ei god kjensle, sa Johannessen til Marsteinen like etter at nasjonalsongen vart avspelt.
No ventar sjølve verdsmeisterskapen i Lyon tidleg neste år.
Les reportasje og intervju med Ørjan i Marsteinen om ei veke.
2. juli 2008 - 18:05

Ventar på juryen
Med Laks Austevoll og Lam Fitjar forsøkjer Geir Skeie (fitjar) og Ørjan Johannessen (Bekkjarvik) å bli best i konkurranse med 19 andre kokketeam frå heile Europa. Domen får dei i ettermiddag klokka 17. Føl med på Marsteinen.no. Lokalavisa har sin mann i Stavanger forum. Les òg stemningsrapport i morgondagens avis!
2. juli 2008 - 15:33

Uerfarne båtførarar misbrukar VHF-en
Det kan bli mykje kaos på VHF-sambandet i sommar. Rundt 10.000 norske båtførarar har ikkje godkjende båtradioar.
Årsaka er at båtar oftare bytter eigar, og at fleire kjøper seg radio i utlandet.
– Feil bruk av VHF-en kan forstyrre naudtrafikk, og lage problem i ein redningssituasjon, fortel leiar i Telenor Maritim Radio, Ånund Hektorson, til NRK Hordaland.
Ein båtførar skal etter lova ta sertifikat og få konsesjon før ein VHF er registrert og godkjent.
– Har du eit apparat om bord, har du sjølv ansvar for at det er registrert, og at du har sertifikat til å bruke det, seier Hektorson.
Dei som overvaker VHF-signala opplever at naud- og kallekanalen, kanal 16, stadig oftare blir brukt som sosial møteplass av folk som ikkje kan reglane for bruk av båtradio.
– For oss er problemet i første rekke at folk leikar med radioen, og skaffar oss unødvendig arbeid, seier kommunikasjonssjef i Redningsselskapet, Ingvar Johnsen. NPK


1. juli 2008 - 11:00

Brann i sjark
Det brann i ein sjark på Kalve, Storekalsøy i ettermiddag. Brannen vart varsla kring 13 50, og var sløkt omlag halvannan time seinare. Den om lag 70 fot store kystbåten ligg ved kai.
- Me vil no prøva å koma fram til skjulte flammar som ligg bakom kledninga, fortel brannsjef John Levi Weløy på telefon til Marsteinen.
– Det dreidde seg om ein ulmebrann, konstaterte politifyrstebetjent Jostein Bjånesøy på kaikanten etter at brannmannskapa hadde kopla ned utstyret sitt.
30. juni 2008 - 15:03

Magnus ringde i bjølla
Bergen Group er børsnotert, etter at Magnus Stangeland ringde med den legendariske børsbjølla ves Oslo Børs i dag, måndag 30. juni.
30. juni 2008 - 11:02

Vil kutte i skuleferien
Alle norske skuleelevar bør få tilbod om sommarskule fordi skuleferien er for lang, meiner skulebyråden i Oslo, Torger Ødegaard (H).
Dei siste tre åra har elevar i hovudstaden fått tilbod om undervisning også om sommaren. Tilbodet er på fire veker, og no vil Ødegaard at alle norske skuleelevar skal få same tilbodet.
– Regjeringa bør straks sørgje for eit lovfesta tilbod om sommarskule for alle, seier han til NRK.
Fungerande kunnskapsminister Tora Aasland (SV) ser på sommarskule som eit fint tiltak, men vil ikkje love eit slikt tilbod til alle med det første.
– Nei, det krev jo litt grundigare arbeid frå både departement og regjering. Så langt får det vere opp til kommunane kva dei får ut av dette, seier ho.
To månader med ferie er både bra og dårleg, ifølgje professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Peder Haug.
– Det finst undersøkingar som viser at dess lengre barna er borte frå skulen, dess meir dalar utbyttet av den læringa som vart gjort før ferien set inn.
– Vi veit også at det er ein samanheng mellom det ein brukar tid på og den kunnskap og utvikling som elevane går igjennom. Det er sannsynleg at ein lang skuleferie kan verke negativt inn på kunnskapsnivået til elevane. Men på den andre sida så verkar ein lang skuleferie positivt inn på humør og motivasjon, seier Haug. NPK
30. juni 2008 - 10:53

Robbie skreiv autografar
Det tok ikkje lang tid frå Brann-spelar Robbie Winters viste seg på grasmatta, til han var omringa av ivrige elevar frå fotballskulen til AIK. Dei ville ha autografen hans.

26. juni 2008 - 9:28

Breidde i oselvarregatta
Anne Dorthea Birkeland, Jenny Skår og Camilla Kjeilen Sørvik stilte med juniorbåt i Austevollregattaen. Dei gamle ringrevane Terje van der Meeren og Olav H. Østervold kviva om meisterskapen, men det var likevel særs gledeleg med alle dei unge deltakarane.

26. juni 2008 - 9:27

Det skal kosta å bruka sjøareal
Alt peikar mot at bedrifter som legg beslag på sjøareal skal betala for seg. Austevoll kommune vil gjerne ha innført ei slik avgift. Kommunen vil også kunna skriva ut eigedomsskatt på oppdrettsanlegg.

26. juni 2008 - 9:27

 
 




Lokalhistorie frå Austevoll


Næringslivsnytt:
Opplæringskontoret
Stengt kontor
Kontoret vil dels bli utan bemanning i veke 26 grunna ferie og møteverksemd. Bruk e-post: post@okaustevoll.no dersom det er noko viktig, og du vil få svar i veke 27.

Fakta om lærlingordninga
Har du spørsmål angåande lærlingordninga, gå vidare til linken nedanfor. Her har Utdanningsdirektoratet laga nokre informasjonssider. Finn du ikkje dei svara du er ute etter, kan du ta kontakt med oss på Opplæringskontoret.
www.larling123.no

Lærlingar 2008
Opplæringskontoret har så langt i 2008 teikna 50 nye lærekontraktar.

Fiskereiskapsfaget
Fiskereiskapsfaget som fjernundervisning
Les meir

Tips ein ven:

Tips ein ven om Austevoll Portalen?

Din venns e-post adresse:

Di e-post adresse:

Ditt navn:


Søk: