|
|
|
I dei siste hundreårene har losing vert viktig for øya. Losane speida utover havet for å sjå om det kom nokre båtar som skulle losast inn Krossfjorden. Det var hard konkurranse mellom losane på Storekalsøy, Stolmen og Sotra. Det var fyrste til mølla som fekk oppdraget. Forutan losing har kombinasjonen fiske og jordbruk vært livsbrødet til mange på Storekalsøy og Austevoll gjenerelt oppover årene. Den hendinga som sikkert huskast best på Storekalsøy var den gongen kyrkja brann. Det var den 18. september 1974 at kyrkja og skulen brant ned på øya. Tidlegare på dagen hadde kyrkja vert fullt opp til siste plass i anledningen ei gravferd. Skulen begynnte fyrst og brenne, og sidan kyrkja stod så nært tok også den fyr. Det einaste som blei berga var altertavla, lysekruner og lampettar. Øya viste ein stor innsats for å få kyrkja og skulen opp att igjen og allerede i 1976 var begge deler på plass. Skulen vart bygd opp på samme plassen, medan kyrkja var flytta litt lengre bort. Stormkvelden i 1994 då KNM Oslo gjekk ned ved Marsteinen Fyr er også viktig i Storekalsøy sin historie. Folket på Storekaløy saman med folket frå nabo øya Hundvåkøy viste då ein kjempe innsats i bergingsarbeidet. Trass i alt dette vil
året 1999 sansynlegvis bli det styrste året for Storkalsøy
i dette århundret. Då blir nemleg brua til Hundvåkøy
opna. Då er det ikkje lenge M/F Bjorøy som bestemmer
døgnrytmen til Storekalsøy folket. Ferjesambandet til
Hundvåkøy som har pågått i 23 år
vil bli erstatta av heile fem bruer.
|
|
Bakkasundbrua
sidene er sponsa av:
|
![]() |
![]() ![]() |
![]() ![]() |
![]() ![]() |