|
Bakkasundbrua: Koplinga av
brua
|

15.
Juli var det klart for kobling på Bakkasundbrua. På butikken på
Bahus hang da oppslag med klar beskjed om at i dag skulle flaggene til topps
over heile Storekalsøy. Koplinga av brua er den siste milepælen
for opninga. Sjølv om dagen då brua blir kobla, fyrst og fremst
er arbeidarane sin dag, hindra ikkje det dei oppmøtte frå begge
øyane i å feire at dei no er blitt eitt rike.
Omtrent samtundes som NCC Eeg Henriksen gjorde seg klar til å støype
siste vogn med betong, møtte dei mest rastlause av Bakkasundarane opp
på enden av Spissøy for å få gå til Hundvåkøy
for fyrste gong. Men det er mykje betong som skal fylle det 8 meter breie og
5 meter lange arealet som gjennstod. Så dei oppmøtte måtte
smørje seg med tolmodighet enda ei lita stund til.
Hundvåkkefrakkjen
Kjellaug
Birkeland, Aksel Kalve og Ranfrid Kalve var dei fyrste av Bakkasundarane som
møtte opp på Spissøy. Detta sku skjedd i vår ungdom
dette, sa kapteinen på ferja Aksel Kalve medan han venta på å
få gå over til Hundvåkøy for fyrste gong. Da var nemleg
då eg hadde mest ærend på Hundvåkøy, seier Kalve
som vidare fortalde at sidan det var flest gutar på Storekalsøy
og flest jenter på Hundvåkøy var det begynner stadiet å
reise bort til Hundvåkøy å leite etter jenter. Larsen hadde
til og med ein frakk so heitte Hundvåkkefrakkjen, som han alltid bar når
me reiste over Horgefjorden, fortalde Kalve.
Vidare kom han ikkje med historiane for då ein av rallarane til Eeg Henriksen gav Bakkasundarane lov til å gå over brua, vart både Hundvåkkefrakkjen og jentepraten fort gløymd.
Litt historie
Aksel Kalve har i det siste åretfulgt med på byggeprossesen frå sin plass i styrehuset på M/F Bjorøy. Men prossesen med å få brua har vert lang. Sjølv om Bakkasundarnae med Peder Kalve i spissen har draumt om bru i alle dagar skjede det lite før i 1974. Då vart det bestemt i eit møte i tiltaksnemda i kommunen den 25. Januar at det skulle arbeidast med å få fleire bruer itillegg til Selbjørnsbrua som vart påbegynt rett etterpå. Tiltaksnemda sende deretter saka over til Formannskapet, og den 1. Februar 1974 vart det gjort vedtak på at det skulle hentas inn pris på prosjektering av Stolmabrua,
Bakkasundbrua
og Austevollsbrua. Den 15. Desember 1975 fekk Instanes A/S oppdraget med å
lage desse planene for bruene.
Brusaka gjekk sakte etter dette. Og det vart ikkje fart i sakene før Inge Storebø og Vegsjefen hadde eit møte om bruene den 20 Mars 1990. Planane for bruene vart oppdatert og den 23 ferbruar 1994 godkjente samferdsleiutvalet i Hordaland planane for brua til Storekalsøy.
Kommunen måtte og nå velge om dei ville prioritere Bakkasundbrua eller Stolmabrua fyrst. Valet falt til slutt på Stolmabrua. Det var veldig viktig for saksgongen at me tok stilling til nettopp det, fortel Inge Storebø.
Ofra skulen og ferja til Sotra
Sidan
Bakkasundbrua vart sett på tredje plass på prioriteringslista, bak
Stolmabrua og ein tunell i Jondal, måtte folket finne alternative løysingar
for å få gjennomslag. I løpet av 1994 foreslo Storekalsøy
Vel at dei kunne leggje ned skulen og ferja til Austefjorden for å få
bru. Om lag to og ein halv million ville fylket og kommunen tjene på dette
kvart år. Denne pakken som Storekalsøy Vel la fram vart vedtatt
i juni 1995.
5.
desember 1996 var alt klart til å sende oppdraget ut på anbod. Anbodsfristen
var 5. September 1997, og av dei fem anbodene som kom inn var det NCC Eeg Henriksen
som altså fekk napp. Berre fjorten dagar seinare starta vegarbeidet på
Hundvåkøysida opp.
Hadde det ikkje vært for genistreken til Storekalsøy Vel hadde neppe brua vert påbegynt enn gong i dag.
Vind opp i orkan styrke
Det
er i allt 51 rallarar som har hatt sitt arbeid på Bakkasundbrua i byggeperioden.
Stein Uwe Hiim hos NCC Eeg Henriksen fortel at dei har tre skift og at det alltid
er to skift på annlegget. Dei som jobbar her går på eit skiftsystem
der dei jobber 12 dagar og har 9 dagar fri. Me jobber frå 7 til 7 kvar
dag, seier Hiim.
Det har til tider vore vanskelege arbeidsforhold for rallarane, når hauststormane herja er det ikkje like lett å bygge bru. På det verste målte me vind styrken opp i 37,1 m/s, fortel Hiim. Vinden har ikkje vore så gale den, seier bruveteran Tor Andersen som har vert med å bygd både Stolmabrua og Selbjørnsbrua. 37,1 er jo berre så vidt over orkan det. På grunn av haustveret låg dei om lag 6 veker etter skjema ved jul. Men takket være ein kjempe innsats frå dei som jobber på anlegget, har dei sakte men sikkert tatt igjen framdriftsplanen. Me er no to dager før planen, seier Hiim. Rallarane kan no sjå fram til ein trevekers velfortjent ferie. Det blir gjort lite med brua dei neste vekene,men Hiim forsikrar om at dei klarar å få ho ferdig i tide.
Men
sjølv om brua no altså er kopla betyr ikkje det at ho er open,
presiserer Hiim. Dette er framleis eit anleggsområde og eg håper
folk respekterer at det er adgang forbode.
Tekniske data
Heile prosjektet er om lag 3 killometer langt, og inneheld 4 bruer som tilsaman er 620 meter lange. Parsellen som går frå ferjeleiet på Barmen og sluttar ved ferjeleiet på Kvaløy erstatter dagens ferjesamband. Hovedbrua går mellom Navøy og Spissøy, den brua er i likhet med Stolmabrua bygd etter fritt fram metoden. Brua har fire spenn med lengdene 66+173+86+45 som tilsaman vert 370 meter. Bredda på brua vert 7 meter, noko som er ein meter breiare enn Selbjørnsbrua og ein meter smalare enn Stolmabrua. Brua vil få ein seglingshøgde på 20 meter over kote +0,8m.
Når eit så stort byggverk som ei bru skal byggjast går det med voldsomme mengder med ymse materialle. På Bakkasundbrua har det blitt brukt 1535 m2 med forskaling, 1030 tonn slakkarmering, 28456 mMN spennarmering og 4832 m3 betongstøp.
Finansiering
Heile
Bakkasundsbrua prosjektet er kostnadsberekna til 110 millionar kroner. Fylkestinget
har godkjent at kostnaden kan vere opptil 123 millionar. Media har ofte prøvd
å sverte bru prosjekt og likande, ved å skrive om overskridelser
i hytt og pine. Men realiteten er faktisk den at i Josef Martinsen si tid som
vegsjef har det ikkje vore ein einaste overskridelse på nokon prosjekt
frå tida då anbodene er komt inn til bygget er ferdig, seier Inge
Storebø.
Når du kjøper ein kroneis i dag for 15 kroner, betyr ikkje det at du har hatt budsjett overskridelser på 14 kroner.
Folkefest den 16. oktober
Den 1. Oktober skal entrepenøren NCC Eeg Henriksen vere ferdig med brua. Etter det skal Vegvesenet ha nokre veker på seg til å ferdigstille prosjektet. Tor Arne Torsen i vegvesenet antyder at opninga vert i midten av oktober, men han er litt forsiktig med å seie ein dato. Det er imidlertidig ikkje Inge Storebø. Det blir den 16. oktober seier han.
Kronprins Håkon Magnus har blitt forespurd om han vil ta seg av den offisielle opninga. Me fekk eit svar den 7. Mai om at dei ikkje kunne ta stilling til forespurnaden enda, fortel Inge Storebø. Men me har ikkje høyrt noko nytt enda.
Opninga blir ellers heilt vanleg. Fyrst er det snorklipping og slikt ved brua, og deretter er det folkefest sånn som på Stolmabrua opninga. Me planlegger ein skikkeleg folkefest denne gongen og ja, seier ordføraren. Karsten Klepsvik skal vere konfransier på opninga. Han kjem opprinneleg frå Storekalsøy, og jobbar no som vise ambassadør ved den norske ambassaden i Washington.
Heilt
til slutt tar me med ordføraren sitt svar til dei som meiner det er tull
å bygge bruer til små øyar. Øresundbrua mellom Dannmark
og Sverige, kosta heile 2,2 milliardar, og det kjører 10 000 bilar over
den kvar dag. Det blir 2,2 millionar pr bil. Stolmabrua kosta 135 millionar
og der kjører det minst 135 bilar over kvar dag, og da koster det berre
1 million pr bil.*
|
Bakkasundbrua
sidene er sponsa av:
|
![]() |
![]() ![]() |
![]() ![]() |
![]() ![]() |