3 gongar Skår

 Nyhende  Kommentarar avslått på 3 gongar Skår
aug 152019
 
Når dei er saman i byn, hender det folk kjem bort og spør om dei er trillingar. Då er Øyvind rask i replikken: – Nei, me er sysken. Frå venstre står Ludvig, Cornelius og Øyvind lina opp for skulestart. Foto: May Linn Clement

I dag byrjar over 70 austevollingar i fyrste klasse. Tre av dei er brørne Cornelius, Ludvig og Øyvind Skår. 

– No er kaffien din ferdig, seier Cornelius og kjem mot meg med ein rykande kopp. Brørne sukkar litt; dei ville òg servera journalisten kaffi. 

– Kanskje ho kan drikka fleire koppar, så får de gje ein kvar.

Mor Hilde Hodneland veit å mekla. 

– Det er samanlikning heile vegen, smiler ho. 

Saka les du i heilskapen sin her.

Overveldande opning

 Nyhende  Kommentarar avslått på Overveldande opning
aug 152019
 
Overveldande opning

Mellom 300 og 400 personar var innom då Nicoleta Vrabie og Mohamad Sabbagh opna dørene til Delikatess på Storebø bryggje laurdag.  – Me hadde venta at det kom folk, men på langt nær så mange. Me hadde ikkje plass til alle på ein gong, fortel dei ferske butikkinnehavarane nokre dagar etter opninga.  – Attendemeldingane me Les meir

Veranda-maraton

 Nyhende  Kommentarar avslått på Veranda-maraton
aug 082019
 
Veranda-maraton

Det var god stemning i fleire leirar langs løypa under Møkster maraton førre helg. Frå verandaen til Gestur og Martha Snorrason heia dei på alle løparane, og la til namna der dei kunne. – Når kvelden kjem, har me ikkje stemme att. Les heile reportasjen i Marsteinen.

Arbeidsulukke på Hordafôr

 Nyhende  Kommentarar avslått på Arbeidsulukke på Hordafôr
aug 082019
 
Arbeidsulukke på Hordafôr

Ein person er transportert til sjukehus etter ei arbeidsulukke ved Hordafôr på Salthella torsdagsettermiddag. – Vedkommande var medviten då han vart frakta med Luftambulansen, seier politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt til Marsteinen. Ein gjenstand skal ha løsna under arbeid og treft personen som vart skadd, opplyser politiet.

Frå verdsmetropolen til havgapet Austevoll

 Nyhende  Kommentarar avslått på Frå verdsmetropolen til havgapet Austevoll
aug 082019
 
Frå verdsmetropolen til havgapet Austevoll

Studentane Jamie (32) og Huddie (20) frå London brukar sommarferien sin på å laga kunstutstilling i Bekkjarvik. Dei let seg inspirera av sjømenn, sommar og saltvatn.  Les om snøggutstilllinga i avisa denne veka.

Gravferd om dagen, songstjerne på natta

 Nyhende  Kommentarar avslått på Gravferd om dagen, songstjerne på natta
aug 082019
 
Gravferd om dagen, songstjerne på natta

Arvid Søreide (57) er kanskje personen som møter flest austevollingar i ein av livets mest sårbare situasjonar: Når døden slår inn hos nære og kjære. No vender han nasen heim til rolege Eido. Les meir i avisa i dag.

Byggjer ny fiskebåt

 Nyhende  Kommentarar avslått på Byggjer ny fiskebåt
aug 082019
 
Byggjer ny fiskebåt

Østerbris-gjengen halar om bord ny linebåt om to år. Han kostar om lag det same som ein ny ringnótbåt, og skal byggjast ved Tersan-verftet i Tyrkia. Denne saka les du i avisa i dag.

Gjer det godt på gjer-det-sjølv

 Nyhende  Kommentarar avslått på Gjer det godt på gjer-det-sjølv
aug 062019
 
Gjer det godt på gjer-det-sjølv

Mekk-butikken på Eidsbøen er ein av dei minste i kjeda. Likevel kan butikksjef Jon Skram visa til den tredje beste omsetnaden i landet.

To av AIK-laga vann puljene sine

 Nyhende  Kommentarar avslått på To av AIK-laga vann puljene sine
aug 012019
 
To av AIK-laga vann puljene sine

Norway cup-eventyret har så langt vore både heitt og vått. I tillegg står AIK att med to puljevinnarar. Men først i går starta cupspelet, og vegen frå suksess til smerte er som alltid kort. Få oppdatering frå Norway cup i dagens utgåve av Marsteinen